Høreklikk på ikon, og velg "Lagre mål som" for å laste ned lydfiler.

OMTALE AV SLÅTTANE
LYDKLIPP
1. Pål Løytnantsdrengs mine. Gangar av Knut Myrann
Slåtten vart laga til minnestemnet om spelemannen Pål Løytnantsdreng (1786-1867) frå Nore i 1986. Han var ein dei mange spelemenn som reiste over til Amerika. Han døydde i Wisconsin, USA. Med denne slåtten vann Knut klassa for nyskaping under Landskappleiken i Bø i 1988.

2. Ragnhild Hægar. Springar
Håvar Gibøen var på Bernos i Tinn. Det var truleg i fyrstinga av 1870-åra. Lensmannen Ola Hansen og to av sønene honoms. Hans og Olav, seinaare Ullern og Kvåle, sat saman, og dei kom til å undrast på ein springar som Håvard hadde spela, men som ingen konne koma på. Ragnhild Hægar, som var tenestejente hjå lensmannen var flink til å tulla, og ho hugsa slåtten og tulla han for spelmennane. Dermed vart slåtten berga og han fekk namnet "Ragnhild Hægar". Ragnhild var au slik god dansar og lika å svinge seg etter denne slåtten. Ho var fødd i 1827. (Frå "Som gofa spøla", Knut Buen) Kjelde: Løndalkarane i Tuddal.

3. Sindroen. Gangar
Namnet etter spelemannen Olav Sindro, Nore i Numedal. Torkjell Haugerud i Seljord kalla slåtten Olav Sindro. Kjelde: Johannes Dahle.

4. Prillaren frå Os. Springar
Ein Knut Luråsspringar som truleg lærde slåtten av Jørn Hilme (1778-1854) frå Nord-Aurdal i Valdres. Kjelde: Johannes Dahle.

5. Frå Numedal til Tinn. Gangar av Knut Myrann
Denne slåtten fekk Knut inspirasjon til på ein tur over Vegglifjellet til Tinn for å vitja Johannes Dahle.
- Det var ein fin sommardag. Øvst i Austbygda stoppa eg bilen på eit utsiktspunkt. Under meg låg Tinnsjøen spegelblank med ei tindrande morgonsol over åskammen. Dette var ei mektig naturoppleving som gav fantasien grobotten.

6. Skreddaren, Springar
Steingrim Haukjem lærde slåtten av Steinar Gladheim (1883-1919), Veggli i 1915. Eit anna namn, og variant i Numedal på slåtten er Gamle Signe. Kjelde: Steinar Haukjem.

7. Slik spela Pål. Gangar.
Knut Dahle fortalde: I gjestebodet åt Per morbro på Tvergrot me halvvekstringan o "skulka". Me sto i mellombenken utafe glase o lydde. Gonlek Svadde spøla, o so såg me at han tok dansestig bortover golve, o so sa'n: Akkurat slik spøla'n Pål. Pål det var Pål Løytnantsdreng. (Frå "Som gofa spøla", av Knut Buen).
Slåtten finst i form etter Pål Løytnantsdreng, Håvard Gibøen og Hans Fykerud.
Kjelder: Johannes Dahle og Eivind Mo.

8. Steingrim Haukjems minne. Springar av Knut Myrann
I 1997 var det 100 år sidan denne storspelemannen vart fødd. For å æra han laga eg denne slåtten. Eg prøver her å gje uttrykk for Steingrim sin særeigne måte å tolke slåttemusikken på, og der eg samstundes gjev noko av meg sjølv i takksemd til min store læremeister. Han var, og er, førebildet når det gjeld slåttemusikken i øvre Numedal.

9. Gangar e. Knut Lurås
Også kalla Hellosen etter Hans Hellos i Bø i Telemark. Johannes Dahle kalla han Gangar etter Knut Lurås.
Kjelde: Johannes Dahle

10. Gyllar-Jørn. Gangar
Gyllar-Jørn Gudbrandsdølen,
Sala på hesten og ridde på stølen.
Gyllar-Jørn, Gudbrandsdølen,
Ville gifte seg, men ikkji tør'n.
Gyllar-Jørn, Gudbrandsdølen,
Åt opp dravlen og drakk opp ølet.

Gyllar-Jørn reiste rundt og gyllasøljer for folk. Han skulle vere Gudbrandsdøl, difor går slåtten også under namnet Gudbrandsdølen.
Kjelder: Johannes Dahle og Steingrim Haukjem.

11. På Kongsbergmarken. Springar av Knut Myrann
Laga i 1993 i samband med 150-års minnet om spelemannen Knut Lurås frå Tinn og hans bortgang på Kongsbergmarken i 1843.
- Med denne slåtten prøver eg å gje ei musikalsk oppleving slik markenslivet med felespel og dansemorro kunne arta seg i den tida.

12. Veneflamma frå Flesberg. Springar
Slåtten skal ha fått namnet etter ei vakker jente frå Flesberg. Ho hadde tett ljost hår og var uvanleg god til å dansa, heitest det.
Kjelde: Steingrim Haukjem.

13. Signe Ulladalen. Springar
Eit anna namn på denne slåtten er Gregar Sagje, som er ei yngre nemning. Signe (1781-1861) var ei vakker jente som hadde mange friarar, men ho valde seg husmannsguten og spelemannen Jakob Olsen frå Kvildal i Suldal.
Kjelde: Gjermund Haugen.

14. Gjerki Haukeland. Gangar på nedstillt bass
Øysten Lurås (1785-1832) bror til Knut, rosemålar og spelemann, skal ha laga denne slåtten. Øystein var trulova med ei jente på Haukeland i Bergen, men medan han reiste heim til Tinn for å henta broren Knut som spelemann i bryllaupet, stod Gjerki brur med Kaptein Moe.
- Då tinndølen kom attende, baud Øystein opp brura til dans, og Knut spela. Under dansen sprette Øystein av sylvbeltet han hadde gitt brura i festargåve.
Slåtten har så sårt eit drag over seg, og Øystein var ikkje alltid like glad i å høyra denne slåtten, han tok ofte til tårene då.

- Øystein vart seinare gift med Ragnhild Olsdotter Hamarsnes, og dei vart buande all sin dag på Orekose i Tinn.
Kjelder: Rikard Gøytil, Gjermund Haugen og Johannes Dahle.

15. Springar e. Knut Sønstaul
Slåtten har namnet etter spelemannen Ola Sønstaul, som var morbror til Knut J. Dahle (1834-1921), som igjen var bestefar til Johannes (1890-1980) og Gunnar (1902-1988) Dahle. Slåtten finst i mange former i Telemark.
Kjelde: Johannes Dahle

16. Kollaughaugen. Gangar
Dette skal vera ein slått i tradisjon etter Knut Lurås. Torgeir Brynjulvsson har fenge namnet sitt knytt til ein halling etter Knut Lurås.
- Me sat su på Bruhaugen nokon tå kan ein sonda. So spratt Torger borpå vollen o tulla o dansa ein halling e aller har høyrt. E spurde hå han ha lærd den. Jau den lær'te tå Lurås'n, svåra Torjer. "O da veit du e måtte få tak i'n mæ", sa Knut Dahle. Torjer var ifrå Austbygde og han gjette buskapen innved Einungbrekke der Knut Lurås budde. Torjer fortalde at det hende rett som det som det var at han gjekk ifrå kyrne og sud til Knut for å læra slåttar og høyre spel. Han va so umougele go te tulle, Torjer. Han tulla plent likt låttun. ("Som gofa spøla.")
Kjelde: Johannes Dahle

17. Vegglijenta. Springar
Tov Flatin (d. 1946), Flesberg, skriv i "Gamalt frå Numedal". Dei gamle fortalde at Pål (Løytnantsdreng) for med å dikte slåttar au. Ein av dei var "Vegglijenta". Dæ va ei jente i Veggli som va so klein te å danse, fortalde gamle Herleik Haugkjem, o so dikta han danan låtten ette som ho dansa. Men om so er han han hev skapt denne slåtten som han no er, so hev han vel havt ein gammal slått å byggje på. Elles heiter det seg at spelemannen Steinar Gladheim (1883-1919) i Veggli reiste til Knut Dahle på Tinn for "å henta Vegglijenta heimat".
Kjelde: Steingrim Haukjem.

18. Kvennaslåtten. Springar
Har også namna Knut Dahles nr.1 eller Knut Dahles springardans (det siste namnet gjeve av stordansaren frå Tinn, Hallvord Skorberg).
Myllarguten sa til Håvard Gibøen når han spela denne slåtten: Har du ikkje ein god bas, treng du ikkje prøva å spela slåtten.
Dette NRK-opptaket er frå Porsgrunnkappleiken i 1978; gjeld omspelinga om ein vandrepokal, som Knut vann til odel og eige.
Kjelde: Johannes Dahle.


Plateomtale av CD'en:

Vidar Lande i Spelemannsbladet:
".......Knut Myrann står for ei kjenslevar og nøyaktig framføring av det tradisjonelle slåttematerialet. Dei sjølkomponerte slåttane er skapt i samme stil som det eldre slåttematerialet. Feletonen og klangen i det akustiske kyrkerommet er glimrande. Knut Myrann spelar vakkert. Det er ei fin oppleving å høyre slåttane fylle stova i ei kveldstund."

Helge Sogne i Varden:
"........Heilstøyp frå Knut Myrann. Mellom dei 18 slåttane på CD'en er 4 eigne komposisjoner. Her står spelemannen fram som ein dugande slåttekomponist. I det heile er Knut Myranns nye CD eit godt gjennomført produkt frå A til Å."

Presseklipp:

- Stor interesse for Myrann-spel på CD.

Meisterspelemannen Knut Myrann var i storform då CD-plata som han har spelt inn i Nes Fjellkirke, vart lansert. Eit stort publikum var til stades og hylla Myrann.

- Knut Myrann-spelet er samla på ei flunkande ny CD-plate. Eg er fornøgd med den, smilte Myrann, då plata vart lansert.

Knut Myrann er den spelemannen som i dag representerer folkemusikken spesielt i Øvre Numedal.

- Men Myrann har henta både inspirasjon og spel frå Telemark, og han behersker hallingspel.

- Denne innspelinga gir eit representativt tverrsnitt av det eg står for som spelemann og slåtteskapar, sa ein glad og stolt Knut Myrann som blant anna kan sjå tilbake på to sigrar i klasse A på Landskappleiken. Det er 18 slåttar på plata, fire av dei har han laga sjølv.

- Er dette draumen ? La oss si at det er på tide. Eg burde kanskje ha spelt inn plate før. Men eg er fornøgd no, og med resultatet. I vinter har eg brukt menge timar i fjellkyrkja i Nes der plata er spelt inn.

Kjelde: Hallingdølen