Knut byrja å spela hardingfele i 15-16-års alderen, dei fyrste bogestroka tok han på fela til morfaren sin, Knut Stordokk (f.1873), som sjølv spela hardingfele og seljefløyte (NRK har opptakmed han). Knut har også musikkarv etter farfaren,
Gjermund Myrann, som var flink til å syngja, han bygde
også sitt eige orgel.

Men utferdstrongen kom, og Knut reiste til Telemark for å læra seg meir spel. Her fekk han lært alt han ville av storspelemenn som Gjermund Haugen (1914-1976), Eivind Mo (1904-1995), Torkjell Haugerud (1876-1954), Høye Kvåle (1879-1967), Rikard Gøytil (1890-1969) og Johannes Dahle (1890-1980) m.fl.

Alt så tidleg som i 1951 trefte Knut Myrann Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990) frå Voss, riksspelemannen framfor nokon i etterkrigsåra, på kappleik på Notodden. Her fekk Knut skikkeleg innføring i teknisk tame og bogeføringa. Sigbjørn var den fødde pedagog, og dette kom til å bety svært mykje for Knut i hans tid som spelemann. Ein annan storspelemann må også nemnast : Anders Kjerland (1900-1989) frå Granvin i Hardanger. Til han kunne Knut koma og ta opp til diskusjon speletekniske problem.