Av spelemenn som Knut lærde av i Nore må nemnast Olav (f.1914) og Steinar (f.1909)Strømmen. Halvor Kaasin (1990-1994) og Lars Lesteberg (f.1922). Men det var av storspelemannen Steingrim Haukjem (1897-1968) frå Veggli Knut kom til å læra mest numedalsslåttar av. Steingrim var ofte på Myrann til Knut Stordokk. Begge var interesserte i felespel og hestar. Heile natta kunne gå med til hesteprat og felelæte.

Den tida høyrde Knut Myrann mykje felespel, og han var ofte i Veggli og vitja Steingrim, som regel fekk han med seg ein slått heimatt.

Etter kvart kom Johannes Dahle på Tinn til å bety meir og meir for Knut. Slåttemusikken i Tinn og øvre Numedal er i slekt, og difor fall det naturleg at han også henta spel frå den kanten. Av Johannes lærde Knut slåttar i Numedals- og Dahletradisjon, og i Lurås-/Gibøentradisjon. Spelet til Knut Myrann ber preeg av denne påverknaden.

Knut reiste mykje med fela. Frå Taiwan i aust til USA i vest. Han har vore tallause gonger til Midtvesten og spelt til konsert og dans.

1 1976 starta Knut sitt eige gamaldansorkester, Knut Hallvard's (dette var etter at han flytte
til Nesbyen i 1961). Same året reiste orkesteret på turne til USA. I 1979 vart det ein ny tur
over dammen, og i 1987 fekk dei tilbod om å koma til Minot i Nord Dakota og spela på den
norsk-amerikanske haustfesten.


1 1982 vart Knut Hallvard's noregsmeistrar i gamaldansmusikk, og etter kvart vart det tre
plateinnspelingar.Orkesteret var mange år eit av dei mest etterspurde til dans- og konsert-
speling. Det var spesielt det gamle runddans-spelet som levde på bygdene som var deira
varemerke, og hardingfela var eit sentralt element i lydbiletet.Knut har på mange måtar vore ein aktiv mann, og har vore med på det meste.
sjølv seier Knut "Eg byrja kanskje litt seint å spela, men då eg fyrst kom i gang, gjekk det lett."


Etter berre 4år i lære reiste Knut på fyrste kappleik på Notodden. Her vann han like godt yngste klasse. Dette gav meirsmak, og kort tid etter reiste han på Landskappleiken i Kristiansand. På flunkande ny "Tjønnfele" frå Tuddal spelte han springaren Vegglijena og gangaren Luråsen II, og vann kappleiken føre favoritten Sveinung Kvåle (1936-1998) frå Voss. Dette var i 1951.


På Landskappleiken i 1954 vann han klasse B og rykte då opp i klasse A (elite-klassa). Knut som no var vorten 22 år var alt blitt ein etablert og respektert spelemann, og framgangen såg ut til å berre gå ein veg.Det vart tid for utdanning, og Knut reiste til Lunde i Telemark på skule. Her var han i 3 år og tok si fagutdanning. Skulegangen og eitt anna miljø gjorde at det vart lita tid til
å dyrka fela og folkemusikken, og resultata uteblei. Dette var i åra 1955-58. Det skulle gå mange år før Knut igjen er å finna på Landskappleik, det er i Sogndal i 1971. Her vart han nr. 3 i klasse A. Dette gav giv til vidare satsing, og 2 år seinare vinn han Landskappleiken i Bergen. Tre år seinare vinn han Landskappleiken igjen, denne gongen på Voss.Knut er tilbake i toppen, og der er han å finna i åra framover.


Knut har inga formell utdanning, men gjennom opplæring hjå tradisjonsrike læremeistrar har han tileigna seg kunnskapar om norsk folkemusikk.


Etter nokre år i Telemark flytte Knut til Hallingdal, og han vart straks medlem i Nes- spel - og dansarlag. Han var leiar i laget i heile 12 år, og har også site i styret i Landslaget for Spelemenn i 4 år, og i Buskerud Folkemusikklag i 2 år. For sin store innsats som kulturspreiar og folkemusikkutøvar har han vorte heidra med desse utmerkingar:

Æresmedlem i Landslaget for Spelemenn

Æresmedlem i Nes Spel- og Dansarlag

Nes Kommunes Kulturpris 2000

Nore og Uvdal Kommunes Kulturpris 2007

Hallingdalsmedalja i gull

Knut Myrann kan sjå tilbake på eit rikt og spanande spelemannsliv. Han er ein av dei heldige som fekk oppleva og læra av dei gamle storkultane innan slåttespel både frå aust og vest i landet.Fela er sjølve livet for Knut. Pensjonert lærar som han no er, er han framleis oppteken med opplæring av den yngre garde, lagsarbeid og konsert- og domaroppdrag.


- Eg har mange å takka for eg klarde å få dei resultata har oppnådd, sier Knut.
- Spesiellt vil eg nemna bror min Toralv, som gjorde alt for meg i yngre år. Han kjøpte den fyrste fela, og han tok meeg med til spelemenn for at eg skulle læra.

Sjølv om Knut har budd på Nesbyen i mange år, har han vore trufast mot tradisjon frå øvre Numedal. Han har vore svært oppteken av slåttetradisjonen etter Løytnantsdrengene frå Nore, og han har hatt fleire radioprogram om denne gåverike spelemannsætta.

The young fiddler,
Knut Myrann, started his musical career at home. His first chords where played on his grandfather Knut Stordokk's fiddle. The brothers Steinar (horn 1909) and Olav Strømmen sr. (born 19]4) were his first teachers. They not only inspired him, but also introduced him to the folk music traditions of Nore in Numedal.It was in Nore that he met the brothers Jon (1902-1979) and Halvor (1900-1994) Kaasin both of who dedicated their lives to traditional fiddle music. It was though when he heard Steingrim Haukjem play that he decided to become a fiddler. Haukjem (1897-1968) came
from Veggli in Numedal and greatly inspired local music tradition.Knut's knowledge of fiddle music increased and he developed into an accomplished player. He became interested in the music traditions of other districts and, as many other fiddlers before him, he was drawn to Telemark, Here he met Johannes Dahle (1890-1980). Kaasin and Haukjem represented the Numedall Tinn tradition, but Dahle was also a composer and innovator. Contact between upper Numedal and Tinn had always been close, also in the field of fiddle music. It was therefore natural that Knut searched in that direction for knowledge.Later Knnt explored the western districts of Telemark andexchanged fiddle music with contacts in Hardanger and Voss.Such is the tradition of fiddle music. To become a competent fiddler true to ones roots, widen ones horizons, be inspired by others and develop ones own style. Knut Myrann has lived by these traditions. The best fiddlers have always done so, and the best will continue to do so.Knut's life has always resolved around fiddle music, but he has also been dedicated to old-time dance music (gammaldans). He started his own orchestra in 1976, Knut Hallvard's, which became one of the most sought after dance and concert orchestras in Norway. They made three records and went on tour, also to the U.S.A. (North Dakota and Minneapolis). In 1982 they became Norwegian champions in old-time dance music.Knut has twice been Norwegian Hardanger fiddle champion (in traditional music), has won numerous competitions, and has performed in many concerts both at home and abroad.Knut and his wife, Evelyn, have lived in Nesbyen, Hallingdal since 1961. Knut teaches young fiddle players and he was leader of the local music & dance organization for 12 years. He is a respected and important member of the folk music community.